Om uss

Ola Perstølen vart født 26.11.1877. Han var, som far sin Per, skreddar av yrke. Ola sin son gjekk også inn i skreddaryrket, og denne familien starta butikken Ola Perstølen i 1917. Drifta handla primært om skreddarvirksomheit ved sidan av salg av klær og stoff. Seinare vart verksemda utvida med bokhandel.

Underteikna kjøpte klesbutikken av Ola Perstølen d.y. 1.7.1985. Firmaet heitte fyrst Perstølen ettf., men skifta namn til Ødegård AS 1.1.1994. Butikken har dermed vore i drift i over 100 år.

Me starta med herrebunad frå Hallingdal i 1985 og utvida produksjonen med Numedalsbunad og Gudbrandsdalsbunad i 1988. Sidan 1994 har me delteke aktivt i utviklinga av bunad saman med Solhjell AS. Per i dag tilbyr me til saman over 50 herrebunader og 40 damebunader.

I 2005 starta me med damebunad frå Hallingdal, meir presist festbunad og rukkastakk, samt nokre stakkar. Når det gjeld stakkane har me i dag 5 farger (svart, blå, grønn og to slag raudrutete), 100 ulike overliv og 13 ulike stakkeband. Til saman utgjør dette ca 6500 ulike kombinasjonar å velje i.

Dei siste åra har me også utvikla og fått laga mykje bunadsutstyr frå dei ulike distrikta. Ein kan nemne sølvknappar, halsnål, selar, hattar, klokkeband og forskjellige posar til oppbevaring.

-Leif Kåre Ødegård-

 

 

ANSATTE I ØDEGÅRD AS

BUTIKK ÅL: Dagfrid Ødegård og Leif Kåre Ødegård

SYSTUE ÅL: Anne Berit Jonseth og Gunn Åshild Håheim

UTSTILLING OSLO: Anita Ødegård og Vegard Ødegård

Topp

eCommerce by CubeCart