Produksjon
PRODUKSJON AV DAME- OG HERREBUNAD
Vår produksjon tar utgangspunkt i gamle tradisjonar, men det vert brukt moderne teknologi ved tilskjering og sying. Bunaden lagast etter målsaum med ca. 20 mål av kunden, dette gjer at bunaden vert forma spesielt til kvar kunde.
Bunadsproduksjonen utførast på vår lokale systove på Ål i Hallingdal, samt hjå Solhjell AS og Solhjell Baltic AS i Tallinn i Estland. Produksjonen ved Solhjell Baltic AS er med norsk stoff, mønster og produksjonsutstyr, samt norsk dagleg leiar. Dette sikrar god kvalitetskontroll, samtidig som bunadstradisjonen vert halde ved like. Dette er den viktigaste grunnen til at me brukar Solhjell AS og Solhjell Baltic AS som leverandør.
Sjølve bunaden (stoff og søm) vert produsert av Solhjell AS og Solhjell Baltic AS. Bunadane frå Hallingdal og Valdres lagast etter Ødegård AS sine eigne mønster. Desse mønstra har me eineretten på og kan ikkje kjøpast hjå andre forhandlarar. Brodering til dame- og herrebunadane vert utført av Solhjell Baltic AS. Montering av knappar skjer på Ål.
Skjortene til hallingbunadane monterast på Ål. Kvitsaumen broderast lokalt i Hallingdal. Som eit prisalternativ har me broderte skjorter frå Østen.
Bunadssølvetleverast av Sølvsmidja AS på Voss. Nokre av artiklane er Ødegård AS sitt eige mønster og kan ikkje kjøpast hjå andre forhandlarar.
Halsklutaneer laga av halstørkle i silke levert av Tyrihans AS og vert sydd på Ål.
Bunadsskoa leverast av Klaveness Skofabrikk, Tyrihans og Solhjell A/S.